annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Spania får lån til lågare rente

(NPK-NTB-AFP-DPA): Den spanske staten har sikra seg 3,56 milliardar euro eller vel 26,5 milliardar kroner til lågare rente enn ved tidlegare lån. Låna blir gjevne etter at regjeringa i Madrid har varsla hard økonomisk innstramming.

Låneavtalane som blei inngått tysdag, er på nokre høgare summar enn marknadene hadde venta. Etterspørselen etter statsobligasjonane som blir gjevne som tryggleik, var meir enn to og ein halv gong så stor som rekna med, viste data frå den spanske sentralbanken.

Rentesatsane på dei nye låna er vesentleg lågare enn ved ein tilsvarande lånerunde i juni. For obligasjonar med ei løpetid på 12 månader blei renta sett til vel 3,9 prosent, ned frå litt over 5 prosent i juni, medan tala for 18 månaders løpetid gjekk ned frå 5,1 til 4,24 prosent.

Statsminister Mariano Rajoy og regjeringa hans la i førre veke fram budsjettkutt og skatteaukingar som skal auka inntektene til staten med 65 milliardar euro eller vel 486 milliardar kroner. Innstramminga har løyst ut store protestdemonstrasjonar i Madrid.

Spania er inne i den andre resesjonen sin på fire år, med fall i verdien av dei produserte varene og tenestene i meir enn to kvartal på rad. Arbeidsløysa ligg på 24 prosent, og brutto innlandsproduktet BIP er venta å skrumpa med 1,5 prosent i år og 0.6 prosent neste år. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.