Den russiske olje- og gassgiganten sa for ei veke sidan at det berre ville gå dagar før dei formelt ville offentleggjere om Statoil og franske Total framleis blir med etter dei siste forhandlingane.
Statoil har tidlegare sagt at investeringskostnadene må ned for at dei skal sjå på prosjektet som kommersielt gjennomførbart.
- Avgjerda kjem no tidlegast i september, sa Gazprom-konsernsjef Alexei Miller til Interfax fredag.
Ei kjelde stadfesta i mai til Reuters at Shell har vore i samtalar om å gå inn i prosjektet.
Statoil eig 24 prosent og Total dei resterande 25 prosentane av gassfeltet nordaust for Murmansk, men denne avtalen gjekk i utgangspunktet ut 1. juli. Feltet er eitt av dei største i verda. Prosjektet har vore ramma av stadig auka kostnader og fleire forseinkingar.
Analytikarar meiner at Gazprom ikkje vil få på plass endelege avtalar med partnarane før russiske styresmakter gjennomfører løftet om skattelette for prosjektet. (©NPK)
