Til saman tre personar blei frakta til sjukehuset i Kirkenes etter dykkarulykka. Den svenske kvinna, som var i midten av 20-åra, dreiv med fritidsdykking saman med fem andre i Kvalbuktneset. Kvinna fekk problem og var medvettslaus då ambulanse og politi kom fram til staden. Ho blei frakta til sjukehuset i byen, men livet stod ikkje til å redde.
Dei to andre personane forsøkte å redde kvinna.
- Éin av desse ligg på intensiven på sjukehuset i Kirkenes med alvorlege skader. Den andre personen er utskriven frå sjukehuset utan skader, seier kommunikasjonsrådgivar Eilert Sundt ved Helse Finnmark til NTB.
Østfinnmark politidistrikt etterforskar ulykka.
- Vitne og meddykkarar skal avhøyrast, og dykkarutstyret blir sendt til Oslo for nærmare undersøkingar, seier operasjonsleiar Svein-Erik Jacobsen i Østfinnmark politidistrikt til NTB.
Dei involverte er frå distriktet og skal ikkje vere knytt til ein dykkarklubb. Området dei dykka i er godt kjent og har vore nytta til fritidsdykking i mange år.
Politiet fekk melding om ulykka torsdag klokka 19.50 og var framme på staden klokka 20.06. (©NPK)
