annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Fulham sikra seg Rodallega

(NPK-NTB-Reuters): Den colombianske spissen Hugo Rodallega held fram i engelsk eliteserie. Han har skrive under for tre år med Fulham.

26-åringen kjem gratis til London-klubben etter at han forlét Wigan etter førre sesong.

- Eg er stornøgd over å ha skrive under for Fulham. Eg ville bli i England og er nøgd med at eg fekk denne moglegheita, seier Rodallega til nettstaden til Fulham.

Samstundes takka han kollegaene og fansen i Wigan for tre og eit halvt «fantastiske» år. Colombianaren scora 24 mål på 123 kampar for klubben.

I Fulham blir angriparen lagkamerat med Brede Hangeland og John Arne Riise.

- Eg gler meg over at Hugo valte Fulham. Det har vore stor interesse for han frå andre topplag, så det er ei stor forsterking for oss å hente ein spelar kvalitetane hans, sa Fulham-manager Martin Jol. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.