Ni andre personar er funne omkomne etter at dei blei teke av eit stort skred på Mont Maudit i dei franske Alpane torsdag.
To tyske og to britiske statsborgarar var framleis sakna då søket etter dei blei avslutta ved 17-tida. Men ved 19.30-tida melde det franske politiet at dei fire var i live og gjort greie for.
To av dei sakna hadde avlyst turen, medan dei to andre hadde teke ei annan klatrerute.
- Talet på omkomne blir verande ni. Ingen fleire er meldt sakna, opplyser ein polititalsmann. (©NPK)
