Omega Pharma-ryttaren vann brusteinsspurten før italienarane Francesco Gavazzi og Sacha Modolo.
Italienske Moreno Moser, nevø av sykkellegenda Francesco Moser, forsvarte den gule leiartrøya. Han er framleis fire sekund føre polakken Michael Kwiatkowski.
Lars Petter Nordhaug trilla i mål på 27.-plass med den same tida som vinnaren, men han avanserte til ein 18.-plass i samandraget etter å ha plukka tre bonussekund undervegs på den 201,7 kilometer lange etappen frå Kedzierzyn til Cieszyn.
Thor Hushovd, Vegard Stake Laengen, Gabriell Rasch og Alexander Kristoff deltek også i rittet, men ingen av dei kom med hovudfeltet i mål. (©NPK)
