annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Touren: Greipel vann igjen

(NPK-NTB): For andre dag på rad vann tyskaren André Greipel i Tour de France, etter at eit utbrot vart henta inn like før mål.

På den 196.5 kilometer lange etappen frå Rouen til Saint-Quentin var det igjen tyskaren Greipel (Lotto) som kunne juble, slik han også gjorde onsdag. Det var den tredje etappesigeren hans i Tour de France. Torsdag vann han føre australiaren Matt Goss (Orica) og Juan Jose Haedo (Saxo Bank) frå Argentina.

Som på dei føregåande etappane, var det også torsdag ein velt. Rundt 3 kilometer før mål gjekk fleire av ryttarane i fremre del av hovudfeltet i bakken. Deriblant Peter Sagan, som har vunne to etappar så langt i touren i år.

- Det er heilt utruleg å vinne enda ein etappe. Eg sat bak velten, men kom tilbake i front. Laget jobba verkeleg hardt i dag. Det var ein hard sprint, ein av dei hardaste eg nokosinne har vore med på, sa vinnaren etter sigeren.

Fire mann gjekk i brot nesten umiddelbart etter start på etappen torsdag. Med med berre eit par 100 meter igjen av etappen var dei henta inn, og Greipel greip sjansen.

Edvald Boasson Hagen hamna eit stykke bak dei beste, etter forgjeves å prøvd å dra Mark Cavendish opp til spurtsiger. Briten enda på fjerdeplass.

- Vi prøvde å halde oss langt framme og unna trøbbel. Men vi var nok der framme litt for tidleg, og var litt for få mann på slutten, meiner nordmannen. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.