Militante islamistar og opprørarar har teke kontroll over heile den nordlege delen av landet sidan presidenten vart styrta i mars. Nabolanda til Mali har søkt støtte frå FN til ein militær intervensjon for å prøve å stabilisere situasjonen.
Torsdag avslo FNs tryggingsråd å gi mandat til ein afrikansk intervensjonsstyrke.
Tryggingsrådet vedtok i staden ein resolusjon som ber verdssamfunnet om å innføre sanksjonar mot islamistopprørarane etter store øydeleggingar på fleire av kulturskattane til landet.
Ei gruppe som kallar seg al-Qaida i islamsk Maghreb, AQIM, raserte denne veka minst sju eldgamle mausoleum i Timbuktu, som har ei historie som handelsby og kultursenter heilt tilbake til det femte hundreåret.
Tryggingsrådet seier det vil diskutere eit FN-mandat til ein intervensjonsstyrke vidare, men ber om meir informasjon. Afrikanske diplomatar svarar at informasjonen skal vere på plass innan få dagar. (©NPK)
