annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Lockout på norsk sokkel neste veke

(NPK-NTB): Arbeidsgjevarane varslar lockout for å få slutt på sokkelstreiken og stengjer ned all produksjon av olje og gass frå midnatt natt til tysdag.

- Vi har ikkje noko anna verkemiddel for å få ein slutt på streiken. Difor varslar vi lockout i eit forsøk på å framprovosere ei forhandlingsløysing, seier informasjonssjef Eli Ane Nedreskår i Oljeindustriens landsforening (OLF) til NTB.

Streiken blant tilsette på olje- og gassinstallasjonane på norsk sokkel har vart i tolv dagar og har påført selskapa rundt 2,3 milliardar kroner i reine tap og tapt inntening, ifølgje Nedreskår.

Lockouten tyder i praksis at all produksjon av olje og gass på sokkelen blir stengt ned. Det vil føre til at tapa skyt i vêret. Smertefullt, men naudsynt, ifølgje OLF.

- Vi er i ein fullstendig fastlåst situasjon, der arbeidstakarane krev tariffesta pensjonsordninga si, eit krav vi ikkje har mandat til å gje etter for. Vi vil aller helst at dei revurderer tilbodet vårt, som inneber eit lønstillegg på over 5 prosent, men om det ikkje skjer ynskjer vi at styresmaktene grip inn med dei verkemidla dei har til rådvelde, seier Nedreskår.

I praksis tyder det at arbeidsgjevarane prøvar å tvinge dei tilsette til forhandlingsbordet, og bed om tvungen lønsnemnd viss forsøket mislukkast.

Ifølgje Arbeidsdepartementet er det førebels ikkje teke noko initiativ til tvungen lønsnemnd.

- Vi vurderer situasjonen vidare, får NTB opplyst i departementet. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.