Det kunngjorde Moody's torsdag, etter avsløringar om at banken har manipulert rentesatsane sine i fleire år.
- Avgjerda speglar bekymring for framtidskursen til banken etter at dei leiande medarbeidarane har gått av, heiter det i kunngjeringa frå Moody's.
Førre veke blei banken dømd til å betale ei bot på 2,7 milliardar kroner for rentejukset. Måndag trekte styreleiar Marcus Agius seg, og tysdag følgde administrerande direktør Bob Diamond etter. (©NPK)
