Det kom fram då den sosialistiske regjeringa hans la fram det reviderte nasjonalbudsjettet onsdag.
For å klare budsjettmåla blir skattane auka. Rike franskmenn og næringslivet, særleg store selskap og oljeindustrien, må bere omtrent like mykje av byrda med skatteaukar på totalt 100 milliardar kroner i år og neste år.
For å få budsjettet i balanse innan 2017 har Hollande lovd å gradvis redusere underskotet, frå 5,2 prosent av bruttonasjonalprodukt i fjor til 4,5 prosent i år.
Den franske riksrevisjonen åtvara måndag om at veksten i økonomien til landet ser ut til å bli svakare enn tidlegare rekna med i år og neste år. Også regjeringa har no nedjustert vekstutrekningane sine.
Hollande vann vala i mai og juni på løfte om å dreie merksemda i Europa vekk frå innstramming og over på tiltak for å skape vekst. Han har fått gjennomslag i eurosona for at det skal setjast av omkring 1.000 milliardar kroner til vekstfremjande tiltak. Likevel trur ekspertar at Hollande også blir nøydd til å kutte i dei offentlege utgiftene til Frankrike for å få kontroll over statsfinansane. (©NPK)
