Vitne har allereie opplyst at det oppheldt seg meir folk der enn vanleg på denne tida av døgnet, for vêret var fint, fortel Kari-Janne Lid, leiar for avsnitt for seksualbrotsverk i Oslo politidistrikt, til NTB.
- Det er viktig at dei som var i området, melder frå til politiet om observasjonar. Alle som har sett personar, er interessante for oss, enten personane kan knytast til saka eller ikkje, seier Lid.
Kvinna i 20-åra ringde sjølv og varsla politiet rett etter klokka halv fem natt til tysdag. Ho har i avhøyr fortalt at ho blei overfalle av ein mann med kniv og at han hadde hettegenser og snakka gebrokkent engelsk. Kvinna er påført lettare skader med kniv.
- Her har vi ein svært grov overfallssituasjon, der ho er blitt trua med kniv og har blitt heldt på ein slik måte at ho ikkje såg gjerningsmannen, fortel Kari-Janne Lid.
Eventuelle biologiske spor som teknikarane til politiet har sikra, vil bli sendt til Folkehelseinstituttet for analyse. Politiet undersøkjer i tillegg om det finst videokamera som har fanga opp den aktuelle mannen på veg til eller frå Slottsparken.
ARRAY(0x34c14a0)
