Til saman har 368 personar meldt frå til Skatt øst gjennom skatteanmestiordninga. Det har utgjort 17 milliardar kroner i skjulte formuar og 552 millionar i skjulte inntekter.
- Vi er fornøgde med at sakene framleis strøymer inn, sjølv om det er ein nedgang sett opp imot tidlegare år. Kva som er forklaringa på denne nedgangen og om dette er ein trend, er det for tidleg å seie noko om, seier skattekrimsjef Jan-Egil Kristiansen i Skatt øst.
For å få skatteamnesti må ein frivillig og på eige initiativ melde frå til skattekontoret om beløp som ikkje er oppgitt i tidlegare sjølvmeldingar. Amnestiet inneber at ein slepp å betale tilleggsskatt på inntil 60 prosent eller å bli politimeldt. Skatten ein skulle betalt, og renter, må betalast. Skatt og renter kan bereknast ti år tilbake i tid. (©NPK)
