annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Børsen surfa på oljebølgje

(NPK-NTB): Hovudindeksen på Oslo Børs enda tysdag opp 2,02 prosent til 419,15 poeng, godt hjelpt av ein oljepris som passerte 100 dollar fatet.

ARRAY(0x1e5cb30)

Obligasjonseigarane i solenergiselskapet Rec takka tysdag nei til tilbodet frå styret i prosessen med å sikre ny kapital. Aksjen gjekk solid oppover på formiddagen, men var på nedgåande kurs då Oslo Børs stoppa handelen like før klokka 14. Då låg selskapet 1,46 prosent i pluss.

Petroleum Geo-Services (+5,11 prosent) blei børsvinnar i ein brei oppgang blant tungvektarane på børsen. Statoil enda 2,38 prosent i pluss, medan Seadrill auka med 4,04 prosent. Telenor (+0,45 prosent), DNB (+2,19 prosent), Yara (+2,70 prosent) og Subsea 7 (4,13 prosent) gjekk også fornøgde heim.

Storebrand (-0,08) var det einaste av dei større selskapa som enda i minus. Spelselskapet Funcom låg på formiddagen godt an, same dag som dei lanserte dataspelet «The Secret World» til gode meldingar. Men ved børsslutt tysdag låg selskapet heile 5,75 prosent i raudt.

I Europa og Asia var det også god sommarstemning tysdag. FTSE 100-indeksen i Storbritannia gjekk 0,83 prosent i pluss, medan Hang Seng-indeksen i Hong Kong auka med 1,51 prosent. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.