Konklusjon: Minst 12.000 til alle og ei økonomisk ramme på 4,1 prosent.
- Vi er godt fornøgde med resultatet for våre tilsette i sjukehusa, seier forhandlingsleiar for Fagforbundet, Mette Nord.
Ho rosar også arbeidsgjevarsida for å ha bidrege til eit godt forhandlingsklima. For Fagforbundet var det viktig å auke minstelønnssatsane, få ein auke i helgetillegga og utteljing for kompetanseheving.
- Eg er glad vi fekk utteljing for dei som jobbar mange helgar, men legg ikkje skjul på at Fagforbundet hadde ønskt eit enda betre tillegg for helgejobbing, seier Nord.
Oppgjeret er interessant også med tanke på det initiativet Fagforbundet tok i fjor for å avhjelpe bemanningssituasjonen i sjukehusa ved at medlemmene aksepterte meir helgejobbing. Det same gjorde nemleg ikkje dei andre gruppene i norske sjukehus.
- Laurdags- og søndagstillegga blir no heva til 40 kroner per time for alle og enda høgare for dei som vel å jobbe meir enn kvar tredje helg. Målet er at fleire skal jobbe heiltid, seier Nord.
- Vi meiner framleis at kvar tredje helg bør vere det normale, men det er uansett slik at ein del av medlemmene våre må jobbe oftare for å få endane til å møtast. Då er det naturleg at folk får skikkeleg betalt for ekstrainnsatsen. Vi håpar samtidig at dette er eit steg på veg mot auka heiltid, seier Mette Nord. (©NPK)
