annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Sal i industrien framleis under 2008-nivå

(NPK-NTB): Sal av produserte varer frå industri og bergverk gjekk opp med 4,8 prosent frå 2010 til 2011, går det fram av tal som SSB offentleggjorde fredag.

I ein kommentar til tala skriv NHO-forbundet Norsk Industri at sjølv om 2011 er det tredje året på rad med framgang ligg salet i industrien samla sett framleis under nivået i 2008 då finanskrisa starta.

Den samla verdien for industri og bergverk var på 620 milliardar kroner. Både prosentvis og absolutt var auken størst i næringa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri. Her var oppgangen heile 18 prosent. For maskinindustrien var det ein nedgang på nesten 13 prosent.

Også bygging av skip og oljeplattformer viste ein nedgang. Totalt var det fire næringar med nedgang og 13 med oppgang frå 2010 til 2011.

Eit interessant trekk ved tala er at næringsmiddelindustrien, som auka salet sitt med 7 prosent til 130 milliardar kroner, ikkje lenger er den største næringa. Det gjeld sjølv om 130 milliardar kroner er det meste næringsmiddelindustrien nokon gong har selt for. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.