54-åringen meiner jobben som Italia-trenar har vore tøff å bere dei siste månadene med kampfiksing-skandalar i heimlandet.
- Dei to siste månadene har vore vanskelege om vi ser vekk ifrå det utmerkte forholdet eg har med laget og forbundet. Men det som har skjedd, har tyngt meg, og det var ikkje dette eg såg etter då eg tok jobben, sa Prandelli på ein pressekonferanse dagen etter den sterke 2-1-sigeren til Italia mot Tyskland i semifinalen torsdag.
- Skal eg gå mine eigne vegar? Livskvalitet er viktig for meg, og eg skal reflektere over tingas tilstand når det blir rolegare. Eg ønskjer ikkje å seie meir no, men vi får kome tilbake til temaet nokre dagar etter finalen, fortalde Prandelli.
Den tidlegare Fiorentina-trenaren tok over Italia etter VM-fadesen i 2010. Mot alle odds har han leidd dei asurblå heile vegen til EM-finalen. (©NPK)
