ARRAY(0x2830ab8)
Paret har no akseptert eit tilbod på 15.000 kroner til Kenneth, og 5.000 kroner til kona. Den tekniske feilen i Altinn kom av ein teknisk svikt hjå ein underleverandør. Advokaten til ekteparet argumenterte med at ein rapport frå Det Norske Veritas viser at fleire feil og manglar ved Altinn-plattforma var kjent, og at problema kunne ha vorte avdekt i forkant. Brønnøysundregistra, som har ansvar for Altinn, har kome fram til at dei ikkje er erstatningspliktig, men har likevel ønskt å utbetale ei oppreising for merksemda dei to opplevde rundt saka. (©NPK)
