annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Roth til finale på 800 meter

(NPK-NTB): Thomas Roth er klar for finalen på 800 meter i friidretts-EM. Med 1.46,88 sette han også personleg rekord.

Roth hadde ei forrykande avslutning på løpet. Frå å vere sist inn på oppløpet, tok han seg forbi fire løparar og kapra fjerdeplassen på tida 1.46,88. Det heldt til å vere den siste som gjekk til finalen på tid. Det var dei to beste frå kvart av dei tre semifinaleheata pluss dei to beste tidene som kvalifiserte seg til finalen fredag.

- Eg blei liggjande bak i feltet. Det er viktig ikkje å stresse posisjon undervegs for å spare krefter til spurten, sa Roth til NRK. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.