annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Angrep på regimevennleg syrisk TV-kanal

(NPK-NTB-Reuters): Væpna menn har storma hovudkontoret til ein regimevennleg TV-kanal i Syria. Tre tilsette blei drepne, ifølgje statlege medium.

Angrepet skjedde om lag 20 kilometer sør for den syriske hovudstaden Damaskus onsdag morgon.

- Terroristane plasserte sprengstoff på hovudkontoret til al-Ikhbariya. Deretter plyndra dei studioa til kanalen, inkludert nyheitsstudioet, som blei fullstendig øydelagt, melder statlege medium.

Det var både journalistar og tryggingspersonell blant dei drepne, som blei skotne av gjerningsmennene, ifølgje syriske styresmakter.

Syriske medium er strengt regulert av informasjonsdepartementet i landet. Sjølv om al-Ikhbariya er privateigd, kallar motstandarar av president Bashar al-Assad kanalen for eit talerør for regimet.

Gjennom det 16 månader lange opprøret mot det mangeårige styret til Assad-familien har TV-kanalen formidla at det er terroristar som står bak, og ei utanlandsstøtta samansverjing står bak. Al-Ikhbariya heldt fram med sendingane igjen kort tid etter angrepet.

Storminga av lokala til TV-kanalen og kampane i fleire av forstadene til Damaskus tysdag tyder på at valdshandlingane no er i ferd med å rykkje stadig nærmare hovudstaden.

President Assad erklærte tysdag kveld at Syria er i krig og sa at regjeringa i Damaskus vil sette alt inn på å vinne den. (©NTB)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.