annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Billettselskap vert etterforska for bedrageri

(NPK-NTB): To menn i leiinga i eit norsk selskap som sel billettar til kultur- og sportsarrangement, er arresterte og sikta for grovt bedrageri.

Oslo-politiet aksjonerte mot lokala til selskapet i Oslo sentrum tysdag. Det blei gjort fleire beslag, og dei to arresterte mennene blei avhøyrde onsdag.

- Dei har vore i avhøyr i nokre timar i dag - frå i dag tidleg til i ettermiddag. Dei to vil ikkje bli framstilte for varetekt sidan vi har sikra dei bevisa vi treng i saka. Det er ikkje fare for bevisøydelegging, seier politiadvokat Anne Allum ved finans- og miljøkrimseksjonen i Oslo politidistrikt.

Bakgrunnen for politiaksjonen var at eit nederlandsk firma meldte til billettselskapet til politiet for grovt bedrageri.

- Det ligg også føre ei rekke andre meldingar mot dette selskapet som enkeltpersoner har levert over lengre tid, seier Allum.

Det norske selskapet har i mange år formidla billettar til store kultur- og sportsarrangement internasjonalt. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.