annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Kroatia runda 100.000 euro i EM-bøter

(NPK-NTB-AFP): Uefa delte ut nye bøter til Kroatias og Portugals fotballforbund tysdag. Ustyrlege fans har gjort at kroatane totalt har måtta punge ut med 825.000 kroner under EM.

Det europeiske fotballforbundet (Uefa) vedtok tysdag å straffe kroatane med ei bot på 225.000 kroner for oppførselen til tilskodarane under den siste gruppespelkampen mot Spania.

Frå før er forbundet bøtelagt med 600.000 kroner på grunn av fyrverkeribruk og rasistiske tilrop mot Italias Balotelli.

Mot Spania skal Kroatia-tilhengarane ha vist rasistiske plakatar og endå ein gong tent opp nødbluss på tribunen.

Også det portugisiske fotballforbundet måtte tåle ein strek i rekninga tysdag. Drygt 50.000 kroner vart straffa for at Portugal-fansen forsøkte å storme bana etter 1-0-sigeren over Tsjekkia i kvartfinalen. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.