annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Over 100 sakna etter jordskred i Uganda

(NPK-NTB-Reuters): Rundt 30 personar har mista livet og over 100 er sakna etter eit jordskred aust i Uganda.

Kraftige nedbørsmengder utløyste skredet i Elgon-fjellet ved grensa mot Kenya måndag. To landsbyar vart gravlagde under jordmassane.

Samtidig overlevde 178 personar det omfattande raset. Tidspunktet for raset - tidleg på ettermiddagen - gjorde at mange liv vart sparte, ifølgje styresmaktene.

- Då skredet vart løyst ut rundt klokka 14, var mange gått til marknaden og fleire barn var på skulen. Verken marknaden eller skulen vart ramma, seier minister for kriseberedskap og flyktningar Stephen Mallinga.

Leitemannskapa hadde tysdag lite håp om å finne fleire overlevande. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.