ARRAY(0x19c0410)
- Årsaka til at NFF og Avinor/Spekter er i mekling, er ei sterk usemje om den sosiale profilen på hovudtariffoppgjeret i år. Frå Avinor si side blir det drive det vi oppfattar som utstrekt rovdrift på flygeleiarar ved enkelte flykontrolleiningar i Noreg, når ein ser på arbeidstid, belastning og bemanning. Det er svært viktig for NFF å beskytte medlemmene våre mot ekstrem slitasje på grunn av slike forhold, seier flygeleiarformannen.
Han viser til at arbeidsgivaren for flygeleiarar ved enkelte arbeidsstader allereie har søkt om å få dispensasjon frå grensa i arbeidsmiljølova på 200 timar overtid, trass i at vi snautt har kome halvvegs i året.
Partane møtes hos Riksmeklaren laurdag. Foreiningsleiar Gjønnes seier han ser for seg at meklinga i helga blir svært krevjande.
Dersom det ikkje blir semje på dei to dagane som er sett av til mekling, kan flyreisande bli råka frå måndag morgon. Først onsdag blir det klart kva for flyplassar som eventuelt rammast.
Dersom ei avgrensa mengd flygeleiarar takast ut i streik, vil det sannsynlegvis skape forseinkingar, medan flyplassar må stengjast dersom omfanget blir stort.
