Først etter seriekampen for Fredrikstad mot Sogndal fredag, blir det kjent kva som skjer med Elyounoussi. Allereie i førre veke hevda italienske medium at landslagsspelaren på det nærmaste var klar for Pescara.
Serie A-klubben jobbar med å forsterke laget før comebacket i den italienske toppdivisjonen.
- Verken Pescara eller FFK vil at nokon uttaler seg før ting er klart. Det blir teke ei avgjerd etter Sogndal-kampen, seier agenten til Elyounoussi, Tore Pedersen til Fredriksstad Blad.
Angriparen får venteleg ein treårig kontrakt med Pescara. Elyounoussi reiste heim til Noreg tysdag.
- Serie A er ein fin liga, der ein spelar bra fotball, sa angriparen før han reiste sørover. (©NPK)
