annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Politiet trur sikta drap før han tente på huset

(NPK-NTB): Politiet i Orkdal trur mannen som er sikta for drap på sambuaren sin i samband med ein husbrann i Orkdal, drap kvinna før han tente på huset.

ARRAY(0x1b1bc40)

Det var 46 år gamle Hege Opøien som blei funne død i ruinane av det nedbrente huset i Orkanger i Sør-Trøndelag laurdag morgon. Den 41 år gamle sambuaren hennar blei arrestert rundt midnatt natt til søndag og er sikta for forsettleg drap.

Politiet har ikkje ønskt å utdjupe bakgrunnen for siktinga utover at ho byggjer på funn og opplysningar som har kome fram i avhøyr.

- Vi har fått den førebelse obduksjonsrapporten, men ønskjer ikkje å seie noko om innhaldet i den enno, sa politiadvokat Kornelia Lykke i Sør-Trøndelag politidistrikt til NTB måndag ettermiddag.

Til Adresseavisen seier likevel lensmann Nermoen at politiet meiner dei står overfor eit drap:

- Det ligg i orda at vi meiner dette er eit drap, seier Nermoen og stadfestar at det er opplysningar frå obduksjonen som gjorde at politiet fatta mistanke.

Etterforskinga heldt måndag fram med vitneavhøyr og vidare tekniske undersøkingar på branntomta.

Brannen i Orkanger blei varsla ved sjutida laurdag morgon. Mannen og dei to barna på fem og åtte år hadde klart å kome seg ut av den brennande bustaden. Den sikta 41-åringen hevdar han ikkje rakk å varsle sambuaren før brannen utvikla seg, og nektar derfor straffskyld.

ARRAY(0x1b1bbf8)

Den no avdøde kvinna møtte han i 2001, og lokalpolitikarane i Orkdal engasjerte seg etter kvart i kampen for at barna deira skulle få vokse opp saman med både mor og far. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.