annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Tenåringar knuste 60- 70 ruter på fort i Hordaland

(NPK-NTB): To tenåringar er arrestert og har erkjent å ha knust 60- 70 ruter på Tittelsnes fort i Sveio kommune i Hordaland.

ARRAY(0x251f6a8)

- Dei blei funne på bakgrunn av gode observasjonar på staden, blant anna blei det observert i kva retning gutane forsvann. Begge gutane har erkjent forholdet, seier operasjonsleiar Norunn Byrknes i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Festninga på fortet blei brukt av tyskarane under andre verdskrigen for å kontrollere skipstrafikken på Bømlafjorden. Fortsområdet er verna av Riksantikvaren som eit krigshistorisk minnesmerke. Kvifor nokon skulle finne på å knuse så mange vindauge, er ei gåte for politiet.

- Eg er heilt uforståande til kvifor nokon ser grunn til å knuse 60 ruter. Eg ser liksom ikkje nokon logikk i dette, seier Byrknes.

Politiet blei varsla om hærverket klokka 19.40. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.