Leitemannskapa har ikkje lenger noko håp om å finne dei tre mennene i 20-åra i live etter fisketuren sist fredag.
- Vi har søkt langs havbotnen utan å finne noko, og søket held fram i morgon. Då får vi hjelp av kystvakta, som skal leite med dykkarar, seier operasjonsleiar Norunn Byrknes i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til NTB.
ARRAY(0x1faee08)
Lensmann Ingvar Gjærde i Etne ber folk i Sunnhordlandsbassenget om å vere ekstra på vakt når dei ferdast på sjøen.
- Spesielt er det grunn til å tru at nokre av dei sakna kan vere i området rundt Skånevik, Halsnøy eller Stord. Vi ber folk om å ta kontakt dersom dei ser noko, seier lensmannen.
Polakkane la ut på fisketur i ein 14 fots open plastbåt tidleg fredag morgon og vart meldt sakna seint fredag kveld. Ved 5-tida natt til laurdag vart ein av dei fire funnen omkommen i sjøen. Sjølve båten vart funnen i fjæresteinane. Påhengsmotoren vart funnen på sjøbotnen med restar av fiskesnøre i propellen.
Politiet ser ikkje bort frå at båten kan ha velta medan dei fire mennene forsøkte å fjerne snøret. (©NPK)
