EUs utanriksministrar blei på eit møte i Luxembourg måndag samde om å seie opp eksisterande avtaler om import av iransk olje. Sidan årsskiftet har EU-landa hatt forbod mot å inngå nye avtalar om oljeleveransar frå Iran.
- Føremålet med desse straffetiltaka er å auke presset mot Iran. Irans leiarar må no forstå at verdssamfunnet meiner alvor med bekymringane sine, sa EUs utanrikssjef Catherine Ashton etter møtet i Luxembourg måndag.
- Det er viktig å gjere det klart for leiarane i Teheran at EU står samla og har ei fast haldning i dette spørsmålet, sa Storbritannias utanriksminister William Hague. Han tilføydde at tiltaka mot Iran kan bli trappa opp endå meir.
Iran hevdar at atomprogrammet i landet berre skal tene fredelege føremål, og at målet er å byggje kjernekraftverk som kan forsyne befolkninga med straum. Vestlege land mistenker regimet i Teheran for å prøve å skaffe seg atomvåpen. (©NPK)
