Kommentatorar i israelske medium gav måndag uttrykk for bekymring, etter at kandidaten til Det muslimske brorskapet Mohamed Morsy vann valet i nabolandet. Men Netanyahu valde å sjå lyst på framtidsutsiktene.
- Vi ventar oss samarbeid med den nye regjeringa på grunnlag av fredstraktaten, sa statsministeren til mediefolk etter eit møte med Russlands president Vladimir Putin i Jerusalem måndag.
- Fred er viktig både for Israel og for Egypt, understreka han.
Forsvarsminister Ehud Barak var litt meir tilbakehalden i kommentaren sin, og sa at den nye regjeringa i Egypt «byr på både moglegheiter og utfordringar» for Israel. Ein ikkje namngitt israelsk tenestemann sa til nyheitsbyrået AFP at valet av Morsy «ikkje er oppmuntrande».
Morsy har sagt at han kan tenkje seg å ta fredsavtalen med Israel opp til ny vurdering, men har ikkje antyda at egyptarane heilt vil trekkje seg frå avtalen. (©NPK)
