annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Etnisk konflikt kosta 900 menneskeliv i Sør-Sudan

(NPK-NTB-AFP): Nesten 900 menneske vart drepne i serien med åtak og hemnåtak mellom to folkegrupper i Sør-Sudan rundt nyttår, ifølgje ein FN-rapport.

Valdsspiralen skal ha blitt løyst ut av skuldingar om kvegtjuveri.

Det var i slutten av desember at opptil 8.000 væpna ungdommar frå den etniske gruppa lou nuer gjekk til åtak på landsbyer i Pibor-distriktet, som ligg i delstaten Jonglei. I landsbyane budde folk frå folkegruppa murle. Kvinner og barn vart bortførte, landsbyar raserte og mange tusen vart drivne på flukt.

Lokale styresmakter hevda etterpå at så mange som 3.000 frå murle-befolkninga var drepne.

FN-styrken UNMISS har på si side registrert 612 drepne i angrepa på murle-landsbyar, medan 272 vart drepne i hemnåtaka etterpå. Blant offera for hemnåtaka var både lou nuer-arar og dinka-ar.

FN-rapporten oppfordrar styresmaktene til å få fortgang i granskinga av hendingane og få stilt dei skuldige for retten. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.