ARRAY(0x2a25020)
- Skulane hadde frist på å levere rekneskapen til oss innan 1. juni. I sommar vil vi gå gjennom alle rekneskapane for å kontrollere dei opp mot regelverket, seier avdelingsdirektør Håvard Tvinnereim ved tilsynsavdelinga i Utdanningsdirektoratet.
Direktoratet har allereie varsla 40 skular om at dei kan miste det statlege tilskotet dersom dei ikkje leverer ein fullstendig rekneskap.
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) synest det er krevjande å føre tilsyn med dei private skulane, eit ansvar Utdanningsdirektoratet har hatt sidan 2009.
- Vi har eit omfattande tilsyn no for å sikre at skulane følgjer lova. Vi må heile vegen sørgje for at pengane til fellesskapen blir brukte slikt dei er meint, seier Halvorsen, som meiner pengebruken ved nokre av skulane er uakseptabel.
Administrerande direktør Paul Chaffey i organisasjonen til privatskulane, Abelia, er positiv til granskinga.
- Viss det er nokon som ikkje følgjer regelverket, så må dei gjere noko med det. All kritikk om at ein skule gjer noko dei ikkje har lov til er alvorleg, men det er ikkje nokon større fare for at reglane vert brotne på ein privat skule enn ein offentleg, seier han til VG.
