Samaras vart måndag utskriven frå sjukehuset der han har gjennomgått ein større augeoperasjon. Men han har fått beskjed frå legane om å halde seg heime iallfall i ei veke, og dette betyr at Brussel-reisa må utsetjast.
Eit besøk som fagøkonomar frå EU og det internasjonale pengefondet IMF skulle hatt i Aten måndag, er også utsett. Ifølgje det greske nyheitsbyrået ANA skal Samaras ta seg av dei viktigaste sakene heimanfrå.
- Vi er blitt samde om at så snart statsministeren er frisk, skal vi reise til Brussel saman. Vi skal forhandle om alt som tidlegare er avtalt, og kjempe for at vilkåra blir best mogleg, sa Fotis Kouvelis, som leier det vesle partiet Demokratisk venstre.
Verken Samaras eller påtroppande statsminister Vassilis Rapanos kjem til å delta på EUs toppmøte i Brussel torsdag. Her skal Hellas etter planen be om to års utsetjing med å setje i verk enkelte av reformene som långjevarane i landet har kravd. (©NPK)
