Andresen styrde unna media torsdag, men snakka med pressa fredag. Han seier han leier Vålerenga i kampen mot Stabæk søndag. Kva som skjer etter den kampen verkar noko meir uklart.
- Det kjem vel an på korleis det går mot Stabæk. Vonleg vinn vi kampen, og då blir det trening på vanleg måte etterpå. Så blir det litt mindre presse på treninga. Men taper vi, kjem det sikkert endå fleire journalistar, seier Andresen til NRK.
Styreleiar i Vålerenga, Åge Petter Christiansen, vil seia minst mogleg om framtida til Andresen.
- Eg kan ikkje kommentera opplysningane dee kjem med. Martin Andresen er Vålerenga-trenar på søndag. Kva som skjer etter det, får vi ta då. Om det er negativt eller positivt, er resultatavhengig, seier Christiansen. (©NPK)
