annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Islands president leier på meiningsmåling

(NPK-NTB-AFP): Islands president Olafur Ragnar Grimsson, som stiller til attval for ein femte periode, leier klart over utfordrarane sine, ifølgje ei ny meiningsmåling.

Ifølgje målinga får Grimsson 44,8 prosent oppslutnad, medan den største rivalen, journalisten Thora Arnorsdottir, får 37 prosent oppslutnad.

På tredjeplass, og langt bak dei to i teten, ligg Trausti Gudmundsson med 10,5 prosent. Presidentvalet bli halde laurdag 30. juni.

Grimsson sa i januar i år at han ikkje ville stilla til attval. Men etter at 30.000 islendingar deltok i ein underskriftskampanje for å få han til å ombestemma seg, lèt han seg overtala og lanserte seg som kandidat likevel.

Thora Arnorsdottir, den argaste utfordraren til Grimsson, har i lang tid leidd på målingane. Men etter at Grimsson for alvor starta valkampen for nokre veker sidan, har oppslutnaden om henne gått ned.

Grimsson blei vald til president for første gong i 1996, og han blei svært populær då han to gonger nekta å skriva under den såkalla Icesave-avtalen som nasjonalforsamlinga vedtok. Avtala innebar at islandske skattepengar skulle brukast til å betala kompensasjon til britiske og nederlandske bankkundar som mista alle pengane sine då den islandske nettbaken Icesave gjekk over ende i 2008.

Meiningsmålinga er gjort av Capacent-Gallup for den islandske rikskringkastaren RUV og blei offentleggjort fredag. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.