Støttegruppen etter 22. juli oppmoda via den sosiale nettstaden Facebook alle til å forlata salen før Breivik skulle koma med dei siste kommentarane sine.
- Vi er ikkje interessert i å høyra kva han har å seia, det er ikkje interessant å høyra om ideologien hans. No er saka avslutta for vår del, sa Hestnes til NTB då han kom ut frå rettssalen.
Han fortel at mange i heile landet valde å forlata salen før retten var heva på den siste rettsdagen.
- Dette er landsdekkjande, sa han.
Hestnes meiner rettssaka har gått føre seg i verdige former, men seier at det har vore utruleg tøft å følgja saka tett.
- Det har vore knalltøft. Dei første dagane visste eg ikkje om eg skulle klara å halda ut, men det gjekk. No er det berre å venta på dommen, sa Hestnes. (©NPK)
