Høyringsforslaget gjeld presiseringar i mulegheita domstolen har til å bestemme at samvær mellom barn og forelder som ikkje bur saman, skal skje under tilsyn av ein offentleg oppnemnt tilsynsperson. Barnedepartementet meiner det er nødvendig å stramme inn og utvide ordninga.
- Barn skal vernast mot vald og overgrep. Dette blei presisert i barnelova i 2006, men det er likevel behov for fleire lovendringar for å sikre at det beste for barnet blir ivareteke i saker med vald og overgrep, seier statsråd Inga Marte Thorkildsen (SV).
Det blir føreslått to hovudformer for tilsyn: verna tilsyn og støtta tilsyn. Det første skal organiserast gjennom barnevernet og er aktuelt der ein forelder er valdeleg, rusmisbrukar eller psykisk sjuk. Støtta tilsyn er aktuelt når samværet skal trappast opp til å bli meir normalt.
Medan verna tilsyn betyr konstant overvaking av samværet, vil støtta tilsyn vere meir fleksible tilsynsløysingar, opplyser departementet.
Forslaga i høyringsnotatet skal dessutan gjere det lettare for domstolen å avgjere at samvær skal bli nekta heilt av omsyn til barna. (©NPK)
