- Vi fryktar at dei fleste av dei 200 som skal ha vore om bord i båten, er omkome, seier politisjef Karl O'Callaghan.
Den australske Hovudredningssentralen seier at båten sendte ut ei nødmelding torsdag ettermiddag om at han hadde kantra 120 nautiske mil frå Christmas Island medan han var på veg frå Sri Lanka til Australia.
Tre lasteskip og to australske marinefartøy, forutan eit Orion-fly frå kystvakta, var på veg mot havaristaden.
Frå flyet blei rundt 40 menneske observert på den kantra båten, medan 35, mange av dei truleg døde, blei sett flytande i vatnet. Ifølgje O'Callaghan var det ikkje redningsvestar til alle om bord. (©NPK)
