annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Over 80 døde i valdsbølgje i Myanmar

(NPK-NTB-AFP): Over 80 menneske er drepne i bølgja av uro i det vestlege Myanmar hittil i juni, opplyste ein regjeringstalsmann torsdag.

Han seier at rundt 71 menneske blei drepne på ei veke med uro i juni, i tillegg til ti muslimar som blei drepne av buddhistisk mobb som var ute etter hemn for valdtekt og drap på ei lokal kvinne.

Delstaten Rakhine har vore skaka av opptøyar, eldspåsetjingar og rundar med hemnangrep som involverer det buddhistiske rakhine-folket og det muslimske rohingya-folket, uro som truleg blei løyst ut av drapet på den lokale kvinna.

Ytterlegare åtte lik av rakhine-folk blei onsdag funne i landsbyen Yathedaung, ifølgje talsmannen. Rohingya-leiarar seier at dødstalet kan vere mykje høgare enn det styresmaktene oppgir.

Myanmarske styresmakter og mange myanmararar, inkludert buddhistiske rakhine-folk, betraktar rohingya-folk som ulovlege innvandrarar frå nabolandet Bangladesh og kallar dei bengalar.

Rundt 800.000 rohingya bur i Myanmar, ifølgje FN, som kallar dei ein av dei mest forfølgde minoritetane i verda. I Bangladesh, der det bur 300.000 rohingya, blir båtar med rohingya-flyktningar frå Myanmar stoppa og sendt tilbake. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.