Kampane har i første rekke stått mellom militsfolk frå byen Zintan, som spelte ei sentral rolle under opprøret mot Muammar Gaddafi i fjor, og el-Mashashia-stammen som valde å ikkje slutte seg til opprørarane.
Ein talsmann for sentralstyresmaktene i Tripoli opplyser at 105 menneske er drepne i kamphandlingane den siste veka, medan 500 er såra.
- Det blei nytta både tunge og lette våpen. Regjeringsstyrkar er no på plass og roa er oppretta på ny, opplyste Nasser el-Manee onsdag.
Libya leiast framleis av eit vestlegstøtta overgangsråd, og 7. juli skal det etter planen vere val på ny nasjonalforsamling i landet. (©NPK)
