annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Malkin årets spelar i NHL

(NPK-NTB-AFP): Ishockeystjerna Jevgenij Malkin fekk prisen for mest verdifulle spelar (MVP), medan svenskane kunne glede seg over tre prisar på NHL-gallaen i Las Vegas onsdag.

Malkin leverte ein strålande sesong for Pittsburgh Penguins. Russaren blei poengkongen i NHL i grunnspelet med 109 målpoeng (50 mål/59 assist) på 75 kampar.

Han fekk 144 av 149 førstestemmer og fekk totalt 1473 poeng. 25-åringen vann dermed klart MVP-prisen framfor Steven Stamkos i Tampa Bay Lightning.

Den svenske målvakta Henrik Lundqvist var også nominert til prisen, men han måtte nøye seg med tredjeplass. 30-åringen reiser likevel ikkje tomhendt heim frå kasinobyen. Han fekk prisen for beste målvakt.

19-åringen Gabriel Landeskog, som speler for Colorado Avalanche, blei kåra til beste førsteårsspelar, medan Erik Karlsson (22) i Ottawa Senators fekk prisen for beste back. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.