annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Obama leier klart på ny måling

(NPK-NTB-Reuters): Presidentvalet i USA til hausten kan bli mykje mindre spennande enn det meiningsmålingane til no har antyda.

President Barack Obama har no eit forsprang på 13 prosentpoeng på den republikanske utfordraren sin Mitt Romney, viser ei måling anerkjente Selzer & Co. har gjort for Bloomberg News.

53 prosent av dei som seier at dei truleg vil stemme under valet i november, seier at dei vil stemme på Obama. 40 prosent seier at dei vil stemme på Romney.

Forspranget til Obama er dermed mykje større enn det fleire andre målingar har vist den siste tida.

RealClearPolitics.com har samanstilt målingane og funne at dei i gjennomsnitt har gitt Obama ei oppslutning på 46,6 prosent, mot 44,4 for Romney. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.