Soldatane deltok i ein operasjon aust for patruljebasen Hazrat då køyretøyet deira utløyste vegbomba.
Etter eksplosjonen viste soldatane teikn til å ha fått skadar frå trykkbølgja og fekk difor førstehjelp på staden, skriv det danske nyheitsbyrået Ritzau.
Deretter blei dei frakta til feltsjukehuset i Camp Bastion med fly, der dei fekk behandling.
Alle dei tre soldatane har sjølv snakka med familiane sine og har det etter tilhøva bra, skriv Ritzau vidare. (©NPK)
