annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Litauar fekk skjerpa straff for menneskehandel

(NPK-NTB): Lagmannsretten har skjerpa straffa til fem år for ein 32-årig litauar som stod tiltalt for menneskehandel. For ein 26-årig landsmann held tingretten oppe dommen på fire og eit halv år.

Dei to møtte i retten for å ha henta barn frå Litauen til Noreg og fått dei til å stela for seg. Saka blei rulla opp i 2010.

I Bergen tingrett blei 32-åringen dømt til same straff som 26-åringen, men Gulating lagmannsrett skjerpa altså denne straffa med eit halvt år.

Mellom anna stal barna PC-ar, mobiltelefonar, klede og kosmetikk frå ulike butikkar i bergensområdet. Varene blei ifølgje dommen levert dei to mennene.

Retten grunngjev dommen for menneskehandel med at det var knytt utnytting, press og tilhøve som dreidde seg om avhengnad til det som skjedde.

Dei to litauiske mennene må også betala 40.000 kroner i oppreisingserstatning til dei fire fornærma i saka. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.