Den årlege rapporten til USA om menneskehandel viser likevel at det er gjort framsteg i kampen mot slaveri etter kvart som styresmaktene i ulike land blir meir bevisst situasjonen og innfører ny lovgjeving.
- Opphevinga av det lovlege slaveriet i USA og i andre land rundt om i verda betyr dessverre ikkje slutten på slaveriet, sa Clinton då ho tysdag la fram rapporten.
- Offera for moderne slaveri er kvinner og menn, jenter og gutar, og historiene dei kan fortelja, minner oss på kva umenneskeleg oppførsel vi menneske er i stand til, sa ho vidare.
Av 185 land som er tekne med i rapporten, har berre 33 land vedteke lover som skal hindra og stoppa menneskehandel.
Mellom dei 16 landa som blir kritisert hardast og som står på svartelista til rapporten, er Algerie, Kongo, Libya, Nord-Korea og Saudi-Arabia. Fem land, mellom dei Myanmar og Venezuela, er tekne ut av svartelista, medan Syria er flytta ned.
Likevel seier Clinton at 29 land får betre karakter enn i fjor, og fleire menneske blir stilte for retten for menneskehandel. (©NPK)
