annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Platini roser EM-vertane

(NPK-NTB-DPA): Polen og Ukraina mislykkast ute på bana, men dei to vertsnasjonane får ros for gjennomføringa av EM-sluttspelet så langt.

Både Polen og Ukraina vart slått ut av gruppespelet i EM. Sjølv om den sportslege suksessen uteblei, meiner president Michel Platini i Det europeiske fotballforbundet (Uefa) at dei to landa har grunn til å vere strålande nøgde med arrangementet.

- Polen og Ukraina har levert. Dei har allereie vunne EM. Denne meisterskapen kan spele ei viktig rolle for utviklinga av desse landa, meiner Platini.

På førehand var det frykt for både rasisme og vald i EM, men meisterskapen har førebels stort sett gått roleg for seg. Unntaka har vore bråket mellom polske og russiske tilhengjarar og nokre mindre episodar, i tillegg til nokre rapportar om rasistiske tilrop frå tribunen.

- 99 prosent av atmosfæren har vore fantastisk. Det er vanskeleg å gjere det betre enn vi har gjort det, seier Uefa-presidenten. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.