Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

UDI legg ned 500 mottaksplassar

(NPK-NTB): UDI har vedteke å leggje ned eitt asylmottak og til saman 500 mottaksplassar forsvinn det neste halvåret.

har vedtatt å fjerne mottaksplassar i alle regionar bortsett frå Oslo. Medan mottaksplassar forsvinn i Nesbyen, Etnedal, Kongsberg, Tromsø, Tverlandet, Trondheim, Jarlen og Nustadbo, blir heile Arendal asylmottak lagt ned - i denne omgang, opplyser fungerande avdelingsdirektør Per Engan-Skei i Region- og mottaksavdelinga i UDI.

Det er den gradvise nedgangen i talet på asylsøkjarar dei siste åra som har ført til at UDI byggjer ned mottaka og talet på plassar. Tidlegare i år vart både plassar for einslege mindreårige asylsøkjarar og plassar i transittmottak lagde ned.

- No er det nødvendig å kutte også i ordinære mottak, fortel Engan-Skei. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.