Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

To personar påkøyrde ved Drammen stasjon

(NPK-NTB): To personar vart påkøyrde av ei skjenegåande gravemaskin ved Drammen stasjon tysdag ettermiddag. Begge vart lettare skadde.

- To personar vart påkøyrde av ei skjenegåande gravemaskin. Begge er frakta til legevakta med lettare, overflatiske skadar, seier informasjonssjef Dag Svinsås i Jernbaneverket til NTB.

Ulykka skjedde like etter klokka 12, vest for Drammen stasjon. Hendinga får ingen innverknad på trafikkavviklinga.

Den skjenegåande gravemaskina hadde låg fart då ho køyrde på dei to personane som jobba i sporet.

Arbeidstilsynet er rutinemessig varsla om hendinga. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.