Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Spanske lånerenter aukar

(NPK-NTB-AFP): Spania lykkast med å få inn over 3 milliardar euro, nærmare 23 milliardar kroner, gjennom sal av kortsiktige lån. Men rentenivået held fram med å stige.

Spanske styresmakter nådde målet om å få inn mellom 2 og 3 milliardar euro til statskassa gjennom sal av lån med løpetid på 12 og 18 månader.

Renta vart derimot på høvesvis 5,074 og 5,107 prosent, noko som er ein auke sidan ein tilsvarande auksjon 14. mai.

Måndag var renta på spanske lån med ti års løpetid oppe i over 7 prosent - det høgste rentenivået sidan euroen vart innført i 1999. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.