Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Suu Kyi måtte skriva nytt nobelføredrag

(NPK-NTB): Fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi seier ho ikkje skreiv på nobelføredraget sitt i alle åra ho sat i husarrest. Først i førre veke byrja ho å skriva det.

På pressekonferansen fredag kveld fekk ho spørsmål om nobelføredraget var blitt forandra over tid.

- Eg må innrømma at eg ikkje har arbeidd med føredraget i 20 år, men at eg byrja i førre veke. Det er eit resultat av kva eg har opplevd dei siste 20 åra og kven eg er no, sa ho.

Suu Kyi blei spurt om merksemda ho får i Noreg og dei andre landa ho no vitjar, vil føra til eit pent forhold til presidenten og militæret og om dette igjen vil kunna halda tilbake den demokratiske prosessen.

- Korleis vertslanda tek imot meg, er opp til dei. Vi trur på demokrati og suverenitet, og det er opp til desse landa å ta meg imot slik dei vil. Eg kan ikkje sjå kvifor presidenten eller militæret skulle protestera mot dette. Eg trur ikkje dei har noko å frykte fordi vi vil arbeida for nasjonal forsoning.

Demokratiforkjemparen fekk også spørsmål om stillinga til militæret i Myanmar.

- Eg vil at militæret skal vera ein profesjonell hær som er elska og respektert, sa ho.

- Unge folk har teke til å forstå at ein god og profesjonell hær er det beste for alle demokrati.

På spørsmål om ho opplever at ho har fått munnkorg, svarte ho nei.

- Eg har alltid sagt det eg føler eg har plikt til å seia, og eg har aldri følt at eg har hatt munnkorg. Også i husarrest sa eg det eg burde seia, og eg gjer det same no. Eg tek ansvaret for alt eg seier, og eg seier berre det eg kan ta ansvar for.

- Etter 21 år - hadde du nokon gong trudd at denne dagen ville koma?

- Sjølvsagt. Det har eg alltid trudd. Det er difor eg har sagt at viss eg skulle få reisa ut, så ville eg reisa til Noreg. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.